Om oss

Reinrosa er ein liten norsk nettbutikk som hovudsakleg sel handlaga keramikk produsert av keramikker Åsne Valland Nordli. Butikken har navnet sitt etter den vesle kvite fjellblomen "reinrosa" som veks høgt i den norske fjellheimen. Keramikken er inspirert av norsk natur og kulturarv.

Produksjon:

Alle produkta på Reinrosa vert handlaga av Åsne enten ved dreiing eller ved at ho bygger. Kvar gjenstand du ser i butikken er unik, dette er noko av sjarmen med handlaga keramikk og skil den frå masseproduserte gjennstandar. Prosessen er langsam, det kan ta opp til to månader frå produktet blir påbegynt til det ligg ferdig i nettbutikken.